Rapportane frå dei andre jaktlaga var svært optimistiske, så me hadde likevel god tru.
All bagasje er på land, og klar for transport vidare til hytta ved Såvatn.
8. oktober
Strålande flott haustvèr, og Inge, Per Helge og Alf Inge strauk innover mot Ratevassknuten. Dei andre (Leif, Geir, Tor Helge og Kristian) gjekk i Rjuvbrokkene.
Ikkje veldig mykje fugl nokre plassar, men det datt litt jamt og trutt. Fin dag.
Tidleg ut (0730) fyrste dag er standard..
Rast i Ratevassknuten
Frå Ratevassknuten
Utsikt frå Breiåknuten mot Svartevassdammen
9. oktober
Ny flott dag, og alle var i dag i Rjuvbrokkene. Inge, Alf Inge og Per Helge fann ein flokk ryper som dei klarte å lura seg inn på, og av ca. 30 ryper låg 7 att etter skyting. Inge (3), Alf Inge (3) og Per Helge (1),- for oss var dette turens høgdepunkt !!
"Say no more."
Fint knippe .....
10.-11 oktober
Ny fin dag den 10., men den 11. kom regnet. Dèt blei den einaste utan felt fugl. Kbeldane gjekk med til kortspel mm., og Dr. Skadberg måtte behandla pasient Pedersen.
Så, så, dette går så fint atte ....
Å s***an så det svir ....
12 oktober
Dette blei den vèrmessig absolutt finaste dagen i Ljosådalen denne veka. Underteikna var litt sliten i beina, så det blei ein rusletur mot Hytteknuten, medan dei andre fòr i Rjuvbrokkene som vanleg. Eg fekk berre to ryper denne dagen, men masse fotomotiv og ein uforgløymeleg vakker dag i den unike Ljosådalen.
Ljosådalen sett frå Hytteknuten
Breiåknuten sett frå naustet ved Såvatn
Svartevassdammen sett frå Hytteknuten
Eilifsbu
Tjørn nedanfor Eilifsknatten
Utsikt frå Hytteknuten mot Breiåknuten , Eilifsknatten til høgre
Dette viser ganske godt skilnaden på dei to rypeartane me har i Norge
Oppsummering:
Ei fantastisk veke igjen for oss, og med 80 ryper og 2 harar i båten heim over dammen var eventyret over for denne gong.... Me drøymer allereie om neste gong...