søndag, september 09, 2007

Ljosådal 7 - 13 oktober 2007

Nok ei vellukka jakt i Ljosådal, der me hadde 5 . periode. Var nok litt skeptiske til siste periode, når 4 jaktlag hadde vore før oss i terrenget.
Rapportane frå dei andre jaktlaga var svært optimistiske, så
me hadde likevel god tru.

All bagasje er på land, og klar for transport vidare til hytta ved Såvatn.

8. oktober
Strålande flott haustvèr, og Inge, Per Helge og Alf Inge strauk innover mot Ratevassknuten. Dei andre (Leif,
Geir, Tor Helge og Kristian) gjekk i Rjuvbrokkene.
Ikkje veldig mykje fugl nokre plassar
, men det datt litt jamt og trutt. Fin dag.


Tidleg ut (0730) fyrste dag er standard..


Rast i Ratevassknuten



Frå Ratevassknuten



Utsikt frå Breiåknuten mot Svartevassdammen

9. oktober
Ny flott dag, og alle var i dag i Rjuvbrokkene. Inge, Alf Inge og Per Helge fann ein flokk ryper som dei klarte å lura seg inn på, og av ca. 30 ryper låg 7 att etter skyting. Inge (3), Alf Inge (3) og Per Helge (1),- for oss var dette turens høgdepunkt !!


"Say no more."


Fint knippe .....

10.-11 oktober
Ny fin dag den 10., men den 11. kom regnet. Dèt blei den einaste utan felt fugl. Kbeldane gjekk med til kortspel mm., og Dr. Skadberg måtte behandla pasient Pedersen.



Så, så, dette går så fint atte ....


Å s***an så det svir ....

12 oktober
Dette blei den
vèrmessig absolutt finaste dagen i Ljosådalen denne veka. Underteikna var litt sliten i beina, så det blei ein rusletur mot Hytteknuten, medan dei andre fòr i Rjuvbrokkene som vanleg. Eg fekk berre to ryper denne dagen, men masse fotomotiv og ein uforgløymeleg vakker dag i den unike Ljosådalen.


Ljosådalen sett frå Hytteknuten


Breiåknuten sett frå naustet ved Såvatn


Svartevassdammen sett frå Hytteknuten


Eilifsbu

Tjørn nedanfor Eilifsknatten


Utsikt frå Hytteknuten mot Breiåknuten , Eilifsknatten til høgre

Dette viser ganske godt skilnaden på dei to rypeartane me har i Norge

Oppsummering:
Ei fantastisk veke igjen for oss, og med 80 ryper og 2 harar i båten heim over dammen var eventyret over for denne gong.... Me drøymer allereie om neste gong...

fredag, mai 11, 2007

YES ! YES ! YES ! JIPPIIIIIIIIIIIIIIIIIIIIII !!!!

Me fekk Ljosådal 5. periode - 8.- 12.oktober

Ikkje førstevalget, men me er vant med å jakta seint i Ljosådal, så det gler vi oss stort til...



Kjem attende med meir seinare ...





fredag, mai 04, 2007

Hunnefjell 1 . mai 2007

Alf Inge og Jorunn benyttet 1.mai til skitur mot Hunnefjell
Været var fantastisk, og vi fant noen ryper som var i full gang med forberedelsene til årets sesong....




Denne steggen var ikke redd for oss....


Han var et flott syn

"Damå" var ikkje langt vekke

Han passet på henne....



Så fant de ut at vi var kommet nær nok

En flott opplevelse på en flott tur...









torsdag, april 26, 2007

Bilder fra Svalbardturen - Påsken 2007

Påsken 2007 - Svalbard
Linns konfirmasjon